Om Skolekassa (nynorsk)

Bakgrunn
Skolekassa.no blei oppretta i februar 2016. Kunnskapsdepartementet avgjorde at det skulle opprettast ein elektronisk portal med læringsressursar og læremiddel for asylsøkjarar og flyktningar med rett til opplæring etter opplæringslova. På grunn av stor tilstrøyming av flyktningar skulle Skolekassa fungere som ei støtte i opplæringstilbodet.
Utdanningsdirektoratet har hatt ansvaret for å utvikle portalen i samarbeid med NAFO og Høgskolen i Oslo og Akershus.

Målgruppe
Målgruppa for Skolekassa er elevar med kort butid i Noreg, og elevar med norsk som andrespråk. Skolekassa er tilpassa barn og unge med ulik alder, bakgrunn, språk og erfaring.

Føremålet med Skolekassa
Skolekassa skal ikkje vere ei erstatning for eit fullverdig opplæringstilbod. Føremålet med Skolekassa er å gjere digitale læremiddel og læringsressursar tilgjengelege, slik at dei kan fungere som ei støtte i opplæringstilbodet. Ressursane kan òg brukast i heimearbeid og av andre som arbeider med opplæringsrelaterte aktivitetar, for eksempel leksehjelp og frivillige norskkurs. Skolekassa samlar ressursar frå læremiddelutviklarar, forlag, nasjonale senter og andre. Skolekassa presenterer ressursane på sju ulike språk. Nettstaden kjem kontinuerleg til å bli utvikla med oppdatert innhald.

Korleis fungerer Skolekassa?
Skolekassa.no er ei lenkesamling med læremiddel og læringsressursar og inneheld læringsressursar i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Faga er delte opp etter trinn, frå 1. til 10. Under faga er det valt ut nokon hovudområde knytte til læreplanen for kvart fag. Forutan norsk er det læringsressursar på språka arabisk, dari, engelsk, kurmandji, pashto og tigrinja. Desse språka er valde fordi det per dags dato er dei språka som blir snakka av majoriteten av registrerte flyktningar.

Skolekassa er bygd opp etter prinsippet om at ho skal vere mest mogleg sjølvinstruerande. Måten læraren og/eller rettleiaren legg til rette på, speler naturleg nok ei viktig rolle når det gjeld å få størst mogleg utbytte av læringsressursane.

Tilgang til Skolekassa – Feide
Skolekassa består både av ressursar som er gratis, og dermed opne for alle, og av ressursar som det er lisens på, og som derfor berre er opne for brukarar med lisens. Dersom elevane skal få tilgang til dei ressursane som krev lisens, må dei logge seg på med Feide-brukaren sin ved å trykkje på Feide-knappen, som står på kvar side i Skolekassa. Då får dei tilgang til dei ressursane som skulen deira har kjøpt lisens på. Klikk her for å sjå ein liten film om korleis du bruker nettstaden skolekassa.no.
Dersom du har spørsmål om Feide-pålogging og/eller brukarkonto for elevane, kan du kontakte skulen eller den IKT-ansvarlege i kommunen. Om elevar opplever utfordringar med Feide-brukaren, er det fint om lærarar og tilsette på skulen hjelper elevane.