Til læraren (nynorsk)

Kva er Skolekassa?
På skolekassa.no finn du mange av dei læringsressursane som er laga med tanke på elevar med kort butid i Noreg. Tanken bak det ein finn her, er at det skal vere mest mogleg sjølvinstruerande og kunne brukast av alle elevar. Måten læraren legg til rette på, speler naturleg nok ei viktig rolle når det gjeld å få størst mogleg utbytte av læringsressursane.

Trykk på filmen for å sjå ein introduksjonsvideo om Skolekassa

Tilgang til Skolekassa – Feide
Skolekassa består både av ressursar som er gratis, og dermed opne for alle, og av ressursar som det er lisens på, og som derfor berre er opne for brukarar med lisens. Dersom elevane skal få tilgang til dei ressursane som krev lisens, må dei logge seg på med Feide-brukaren sin ved å trykkje på Feide-knappen, som står på kvar side i Skolekassa. Då får dei tilgang til dei ressursane som skulen deira har kjøpt lisens på. Klikk her for å sjå ein liten film om korleis du bruker nettstaden skolekassa.no.
Dersom du har spørsmål om Feide-pålogging og/eller brukarkonto for elevane, kan du kontakte skulen eller den IKT-ansvarlege i kommunen. Om elevar opplever utfordringar med Feide-brukaren, er det fint om lærarar og tilsette på skulen hjelper elevane.

Kven er Skolekassa laga for?
Målgruppa for Skolekassa er elevar med kort butid i Noreg, og elevar med norsk som andrespråk. Skolekassa er tilpassa barn og unge med ulik alder, bakgrunn, språk og erfaring.
Nokon har gjerne hatt eit godt skuletilbod i heimlandet, mens andre ikkje har gått på skule tidlegare. Det vil seie at nokon har gode skulefaglege ferdigheiter, mens andre ikkje har lært å lese og skrive enno. Enkelte vil vere kjende med det latinske alfabetet, og enkelte har god kjennskap til engelsk. Skolekassa.no vil forhåpentlegvis vere eit tilbod som kan gi noko til alle.

Om innhaldet i Skolekassa
Skolekassa omfattar fem fag: norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Faga er delte opp etter trinn, frå 1. til 10. Under faga er det valt ut nokon hovudområde knytte til læreplanen for kvart fag.

Forutan norsk er det læringsressursar på seks ulike språk: arabisk, dari, engelsk, kurmandji, pashto og tigrinja. Språka er valde ut på bakgrunn av dei språka som blir snakka av dei fleste av dagens flyktningar. I tillegg er engelsk valt med tanke på at nokon forhåpentlegvis vil kunne ha glede av å ta det i bruk. Du vil sjå at på enkelte av språka (spesielt pashto, kurmandji og tigrinja) finst det få læringsressursar.

Nokre av dei norske ressursane er utarbeidde med tanke på elevar som har norsk som andrespråk. Andre ressursar er fleirspråklege, og andre igjen har visuelle verkemiddel.

Korleis bruker du Skolekassa?
Sjølv om læringsressursane er valde ut med tanke på at dei skal vere mest mogleg sjølvinstruerande, vil det vere til stor hjelp om nokon kan rettleie brukarane. Det er derfor fint om du som arbeider på mottak eller er lærar i innføringstilbod, kan gjere deg kjend med skolekassa.no og utforske dei læringsressursane som ligg der.
Dersom du arbeider på eit asylmottak og har høve til å rettleie barn og unge som nyleg er komne, i bruk av skolekassa.no, er det fint om du kjenner til læringsressursane som ligg her. Dersom det er mogleg, kan elevar, søsken og foreldre utforske og diskutere oppgåver, løysingar og moglegheiter saman. Når barn og unge får høve til å reflektere og diskutere på morsmålet eller eit anna språk dei meistrar godt, bidrar det til at dei forstår, lærer, opplever meistring og blir endå meir motiverte for nye oppgåver.

Skolekassa.no kan vere eit supplement til undervisinga. Det er først og fremst læraren si tilrettelegging og undervising som er viktig. Ein elev som ikkje kan norsk, eller som har svake norskferdigheiter, skal ha eit tilrettelagt tilbod i norskopplæringa. Elevar kan ha rett på særskild språkopplæring, uavhengig av om eleven får opplæring i eit innføringstilbod eller ikkje. Skuleeigarar kan sjølve velje om dei ønskjer å tilby eit særskilt opplæringstilbod organisert i grupper, klassar eller skular med innføringstilbod.

Særskild språkopplæring er eit samleomgrep på særskild norskopplæring, morsmålsopplæring og tospråkleg fagopplæring. Særskild norskopplæring inneber forsterka opplæring i norsk. Morsmålsopplæring er opplæring i morsmålet, mens tospråkleg fagopplæring inneber at eleven får opplæring i eitt eller fleire fag på to språk. Retten til særskild språkopplæring blir innvilga i form av eit enkeltvedtak og gjeld fram til eleven har gode nok ferdigheiter i norsk til å kunne følgje den vanlege opplæringa.

Du kan lese meir om særskild språkopplæring på nettsidene til Utdanningsdirektet. Og generelt om regelverk for minoritetsspråklege elevar her:

Retten til særskild språkopplæring er regulert i opplæringslova §§ 2–8 (grunnskule) og 3–12 (vidaregåande opplæring).
Elevar som nyleg er komne, er ei samansett gruppe. Når ein skal tilpasse opplegget for kvar enkelt elev, kan det vere nyttig at elevane kan ta i bruk digitale læringsressursar.
Når du som lærar gjer deg kjend med dei digitale læringsressursane, kan du òg tenkje på korleis elevane kan ta i bruk ressursane på eiga hand og saman med foreldre.
Mange av læringsressursane som er samla i Skolekassa, har lærarrettleiingar. Nedanfor finn du direktelenker til fleire av dei:
– Oppdatert liste inn her- behøver ikke oversettes

Du finn råd til læraren, informasjon om organisering av innføringstilbod og eksempel frå kommunar og skular på NAFO si side om dei som nyleg er komne 6–16.

Tema morsmål finn du læringsressursar på ulike språk. Nettstaden kan vere til inspirasjon og nytte for både elevar, lærarar og foreldre.

Sjå elles på nettstaden til NAFO for å halde deg oppdatert på opplæring av fleirspråklege barn og unge.