Om Skolekassa

Bakgrunn

Skolekassa.no blei oppretta i februar 2016. Kunnskapsdepartementet avgjorde at det skulle opprettast ein elektronisk portal med læringsressursar og læremiddel for asylsøkjarar og flyktningar med rett til opplæring etter opplæringslova. På grunn av stor tilstrøyming av flyktningar skulle Skolekassa fungere som ei støtte i opplæringstilbodet.
Utdanningsdirektoratet har hatt ansvaret for å utvikle portalen i samarbeid med NAFO og OsloMet – storbyuniversitetet (tidl. Høgskolen i Oslo og Akershus).

Målgruppe


Målgruppa for Skolekassa er elevar med kort butid i Noreg, og elevar med norsk som andrespråk. Skolekassa er tilpassa barn og unge med ulik alder, bakgrunn, språk og erfaring.

Føremålet med Skolekassa


Skolekassa skal ikkje vere ei erstatning for eit fullverdig opplæringstilbod. Føremålet med Skolekassa er å gjere digitale læremiddel og læringsressursar tilgjengelege, slik at dei kan fungere som ei støtte i opplæringstilbodet. Ressursane kan òg brukast i heimearbeid og av andre som arbeider med opplæringsrelaterte aktivitetar, for eksempel leksehjelp og frivillige norskkurs. Skolekassa samlar ressursar frå læremiddelutviklarar, forlag, nasjonale senter og andre. Skolekassa presenterer ressursane på sju ulike språk. Nettstaden kjem kontinuerleg til å bli utvikla med oppdatert innhald.

Korleis fungerer Skolekassa?


Skolekassa.no er ei lenkesamling med læremiddel og læringsressursar og inneheld læringsressursar i faga norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Faga er delte opp etter trinn, frå 1. til 10. Under faga er det valt ut nokon hovudområde knytte til læreplanen for kvart fag. Forutan norsk er det læringsressursar på språka arabisk, dari, engelsk, kurmandji, pashto og tigrinja. Desse språka er valde fordi det per dags dato er dei språka som blir snakka av majoriteten av registrerte flyktningar.

Skolekassa er bygd opp etter prinsippet om at ho skal vere mest mogleg sjølvinstruerande. Måten læraren og/eller rettleiaren legg til rette på, speler naturleg nok ei viktig rolle når det gjeld å få størst mogleg utbytte av læringsressursane.